— <b>Argument for å bruke når ein startar programmet frå kommandolinja</b>

<big>N</big>år ein startar med <tt>-v</tt> eller <tt>--version</tt>-argumentet, vert den gjeldande versjonen av Kickshaw vist. <tt>-h</tt> og <tt>--help</tt>-argumenta tener til å presentere ei skildring av korleis ein får tilgang til dette tipsvindauget, følgt av ei liste over dei aksepterte argumenta.
Kickshaw kan òg startast med ein filsti til ein meny som eit argument. Som ein sideeffekt gjer dette det mogleg å opne menyfiler med Kickshaw ved å bruke kontekstmenyen i filhandsamarar.

— <b>Filer oppretta av Kickshaw</b>

<b>Permanente</b>

Kickshaw opprettar si eiga innstillingsfil med namnet <tt>.kickshawrc</tt>, som ligg i heimekatalogen til brukaren.

— <b>Mellombelse</b>

For kvar redigering som vert gjort, vert det oppretta ei angrestabel-fil inne i <tt>/tmp/kickshaw.XXXXXX</tt> (X-ane er plasshalderar for vilkårlege bokstavar og tal). Viss programmet vert avslutta uventa, vil mappa bli verande, men dette bør ikkje vere noko problem sidan ho berre inneheld små filer og vanlegvis vil bli sletta automatisk seinast under neste omstart.

Kickshaw opprettar òg ei autolagringsfil i heimemappa med namnet <tt>.kickshaw_autosave</tt>. Ho vert fornya etter kvar redigering og sletta når programmet vert lukka. Skulle Kickshaw ha vorte stoppa uregelmessig, vil brukaren ved neste oppstart av programmet bli spurd om å gjenopprette menyen frå autolagringa eller å få autolagringa sletta.
