<big>K</big>ickshaw aksepterer følgjande XML-element og attributtnamn, attributtverdiar og innhald assosiert med desse elementa:

<tt><b>Element:</b>			<b>Attributtnamn:</b>
menu           		id, label, icon, execute
separator      		label
item           		label, icon
↳action        		name
 ↳prompt       		<i>ikkje tilgjengeleg</i>
 ↳command      		<i>ikkje tilgjengeleg</i>
 ↳startupnotify		<i>ikkje tilgjengeleg</i>
  ↳enabled     		<i>ikkje tilgjengeleg</i>
  ↳icon        		<i>ikkje tilgjengeleg</i>
  ↳name        		<i>ikkje tilgjengeleg</i>
  ↳wmclass     		<i>ikkje tilgjengeleg</i>

					<b>Attributtverdiar:</b>
action         		Execute, Exit, Reconfigure,
               		Restart, SessionLogout

					<b>Innhald:</b>
enabled        		yes, no</tt>

Menyidentifikatorar som består av tomme strengar er gyldige, men kan som alle andre menyidentifikatorar berre førekome ein gong i ei meny.

— — —

Følgjande menyar er ekvivalente og begge aksepterte av Openbox og Kickshaw.

<tt><b>(1)</b> &lt;openbox_menu&gt;

      &lt;menu id="menu1" label="Menu1"&gt;
        &lt;item label="item"/&gt;
      &lt;/menu&gt;

      &lt;menu id="root-menu"&gt;
        &lt;menu id="menu1"/&gt;
      &lt;/menu&gt;

    &lt;/openbox_menu&gt;</tt>

<tt><b>(2)</b> &lt;openbox_menu&gt;

      &lt;menu id="root-menu"&gt;
        &lt;menu id="menu1" label="Menu1"&gt;
          &lt;item label="item"/&gt;
        &lt;/menu&gt;
      &lt;/menu&gt;

    &lt;/openbox_menu&gt;</tt>

Ei meny er alltid vist i Kickshaw slik ho ville sjå ut i Openbox, så det siste av dei to døma er nærare ein WYSIWYG-tilnærming. Ulempa er at for store menyar kan dette gjere ei menyfil sjå litt forvirrande ut. Av den grunn lagrar Kickshaw som standard alltid menyen i det førstnemnte formatet (dette kan endrast i alternativ).

Når programmet lagrar ei fil, brukar det som standard tabulatorar for innrykk, men for lesing av fila er det irrelevant om slike innrykk er gjort med mellomrom eller tabulatorar, det same gjeld alt tomrom.

— — —

Ei meny kan innehalde motstridande menyattributtar, som i følgjande døme:

<tt>&lt;openbox_menu&gt;

  &lt;menu id="menu1" label="outside" icon="out.jpg" execute="out" /&gt;

  &lt;menu id="root-menu"&gt;
    &lt;menu id="menu1" label="inside" icon="in.jpg" execute="in" /&gt;
  &lt;/menu&gt;

&lt;/openbox_menu&gt;</tt>

I dette tilfellet følgjer Kickshaw dømet til Openbox og viser icon-attributtverdien frå innsida av rotmenyen, medan den viser label- og execute-attributtverdiane frå utsida av rotmenyen.
